Ein tanke om å tru på seg sjølv

Tekst av Patrick Fardal

Hei deg! Eg heiter Patrick, og jobber her på Fontenehuset Fredrikstad. Kort fortalt, så har eg ein lang historie med å ikkje tru at eg er god nok som eg er. Når eg har fått til noko så har eg alltid gått rett vidare til neste, utan å “feire” det eg fekk til. Dette kan nok mange av dykk kjenna dykk att i, eller? Barndommen min har nok forma meg også - mykje mobbing og dårlig sjølvtillit på skulen, skilsmisse og sjukdom i familien var ein stor del av kvardagen min i ungdomstida.

I det siste så har dette med å ikkje vere god nok tatt opp mykje av tankane mine. Fleire gonger har eg sett nydelege, gode menneske rundt meg som ikkje klarar å sjå alt det fine dei får til eller det gode dei faktisk gjer for andre. Det er som oftast kjempelett å sjå det gode andre gjer og skryta av det, men å gi seg sjølv kred er til tider forferdeleg vanskeleg! Spesielt når du har for vane å ikkje tru på deg sjølv og dine eigne evner.

På Snuplassen har me fleire gonger hatt foredrag for deltakarane om mestringstru - det å tru på sin eigen evne til å mestre noko, kva enn det måtte vere. Dette er sterkt knytt opp til sjølvtillit. Mange eg kjenner har ikkje eit særleg godt forhold til dette, enten gjennom sitt eige liv eller frå vonde erfaringar. Når du ikkje held mestringstrua og sjølvtilliten ved like og pleiar det, eller når du aldri har hatt noko særleg av den eine eller den andre, korleis kan du då få det innbakt i sjela di? For det fortener du verkeleg! Ja, du ja! Du som les dette.

Ein ting eg har lært med meg sjølv er at eg er forderdeleg dårleg på å ta i mot ros og skryt. Eg fleipar det ofte vekk, eller finn andre svar på det; “Ja, men det skulle berre mangla”, eller “næsj, det hadde blitt bra uansett”. Eg rømmer av ein eller anna grunn ofte frå at eg skal føla meg bra, eller at eg skal føla mestring. Igjen, der er det nok mange av dykk som kan kjenna dykk att! I det siste så har eg prøvd å stå i kjensla utan å rømme. Så har eg prøvd å sei “takk”, i staden for å skifte tema. Dette funkar nokre gonger, og nokre gonger går det rett vest. Men slik er det jo - livet er ikkje ei rett linje med ein fasit på korleis ting blir.

Eg veit ikkje heilt kor eg vil med denne tanken, anna enn at eg vil sei til deg - uansett kva du tenkjer og føler rundt dette, at du er god nok akkurat slik som du er. Set av litt tid til å tenkje over kva du faktisk får til i løpet av ein dag, og kva du gjer for andre! Tenk på alle rundt deg som er glad i deg og som du betyr noko for. Tenk på det smilet du ga til den personen på gata den dagen, som kanskje var med på å løfta opp hen sin dag! Len deg litt tilbake og innsjå at du faktisk er god nok. At du faktisk får ting til. Og at om ikkje den eine tingen funkar så går den andre tingen betre. Du må ikkje mestre alt! INGEN mestrer alt - tru meg. Men du er deg, og du er jaggu like verdifull og rå som den personen du traff på gata.

Prøv å set pris på deg sjølv, for det fortener du verkeleg.

Masse, masse kjærleik frå meg og resten av gjengen her på huset. Me er glade i deg!

Forrige
Forrige

Frigjørings- og veterandagen 8.mai

Neste
Neste

Møtepunkt Ung