Møtepunkt Ung

Kjære folk! For litt sidan starta ung-gjengen på Fontenehuset Fredrikstad opp ei ny satsing; MØTEPUNKT UNG! Dette er me skikkeleg stolte over, og står no klare for runde 2! Målet med dette er å samle alle som jobbar med unge i byen vår, og alle unge, på ein og same plass! Me vil legga til rette for nye samarbeid på tvers og idèmyldringar som fører til MEIR av det gode arbeidet som allereie blir gjort for våre unge medborgarar!

Møtepunkt Ung køyrer på med ny runde 9.april 2024 frå klokka 1330-1730, så det er berre å ta turen! Kanskje nokon frå Helsestasjon for ungdom møter nokon frå Nav-Ung? Kanskje nokon frå Barneverntenesta endeleg får preika med nokon frå Fritid Fredrikstad? KVEN VEIT! Moglegheitane er mange, kaffen er klar, det er kjeks på bordet og mange av våre unge medlemmer står klare til å ta dykk i mot!

Me tilbyr også omvisningar i dette tidsrommet, så om nokon unge menneske der ute eller nokon som jobbar med denne fantastiske gruppa ønsker å få vite meir om Fontenehuset er de hjartleg velkomne!

Ein liten headsup: Me vil også prøva oss på å laga eit nettverkskart over alle som jobbar med unge i Fredrikstad, så ikkje bli redd om du blir spurt om å være med på eit bilde - det er fullt mogleg å sei nei!

Uansett; Kom innom for ein uforpliktande preik med oss eller nokon andre, få ei oversikt over kva som skjer i denne byen og nyt ein god kopp kaffe frå vår rykande ferske baristamaskin!

Om du vil vita meir har me publisert ein episode om Møtepunkt Ung 1 som du kan høyra nedanfor! Bra saker <3

Lurer du på noko? Send oss ein mail på patrick@fontenehusetfredrikstad.no

Link til Facebook-event: https://fb.me/e/1p8w8ldPf

Patrick Fardal

Forrige
Forrige

Ein tanke om å tru på seg sjølv

Neste
Neste

Celine S